Benedicte Maurseth – Systerspel

14. september, kl. 15.00, Kongressen (Brakanes Hotel)

Pressefoto av Benedicte Maurseth.
Benedicte Maurseth. Foto: Silje Katrine Robinson

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? 
Dei var her, og så vart dei borte? 

Systerspel er ei framsyning om spelekvinner. Å spela fele var for menn, har mange alltid trudd. Hardingfelespelar Benedicte Maurseth har leita fram kvinnene som spela fele, frå 1700-talet og fram til i dag. Frå skrift og munnleg tradisjon fortel ho om dei gjennom fakta og meddikting – og sjølvsagt musikk. Og om du lurar: spelekvinnene var fleire enn du trur! 

Benedicte er ein av våre viktigaste tradisjonsberarar og nyskaparar innan folkemusikken. Ho er musikar, komponist og forfattar, og det viktige arbeidet hennar har blitt heidra med ei rekke prisar dei siste åra, mellom anna Årets Folkemusikar 2023. Benedicte har dei siste åra stått på mange scener rundt om i verda. No er me svært glad for at ho tek turen heim til Hardanger og til Poesifestivalen!

Medverkande scenisk:
Benedicte Maurseth – hardingfele, forteljing, lesing

Produksjon:
Hildegun Riise – regi, manusutvikling, scenografi
Birk Nygaard – scenografi, lys og videodesign
Mari Kanstad Johnsen – illustrasjon
Kieran Kolle – video
Rune Døli – grafisk design
Jørgen Træen – lydkollasj
Benedicte Maurseth – komposisjon og manusutvikling

Konsertførestillinga er er produsert av Osafestivalen i samarbeid med Riksscenen.

Vaksen kr. 350 / Student kr. 250
Aldersgrense 18 år.

Type:
Poesifestivalen

Tid:
14. september, kl. 15.00

Stad:
Kongressen, Brakanes Hotel