Diktardagen er diverre flytta grunna sjukdom. Ny dato kjem snarleg. 

Diktardagen 2024

Sundag 9. juni kl. 13.00 
Hardanger Folkemuseum, Utne 

Bilete av Per Olav Kaldestad
Poeten Per Olav Kaldestad blir heidra med ein plass på Diktarstien. Foto: Cappelen Damm

Haugesenteret i Ulvik og Hardanger folkemuseum på Utne deler kvart år ut Diktartavla til ein markant norskspråkleg lyrikar. I år heidrar me den allsidige poeten Per Olav Kaldestad med ein plass på Diktarstien! 

Sidan debutsamlinga Kikkert kom i 1973 har Kaldestad gjeve ut poesi, sakprosa, gjendiktingar, skodespel og ein stor del barne- og ungdomsbøker. Det har blitt over 40 bøker, og nær halvparten av dei er diktsamlingar. Den nyaste diktsamlinga hans, Sonettar, kom i 2023. Med sine språklege sprang gjennom heile 50 år og med kjærleik for nettopp diktet og diktinga, er årets vinnar ei markant stemme i den norske poesifloraen. 

Diktartavla vart initiert av Olav H. Hauge og vart delt ut fyrste gong i 1992. Kaldestad går inn i ei lang rekkje av markante prisvinnarar, mellom anna Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Tone Hødnebø, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Eldrid Lunden og Øyvind Rimbereid.   

Under prisutdelinga ved Hardanger folkemuseum vil Kaldestad ta imot si eiga inngraverte steintavle, som vil bli lagt ned langs Diktarstien som nummer 33 i rekkja. Han vil framføra utvalde verselinjer, og samtala om diktinga si saman med Jorid Lekve Eide, arenaleiar ved Haugesenteret.  

Museet er ope frå kl. 11.00 – 17.00 
Kafeen er open frå kl. 12.00 – 16.30 

Arrangementet startar kl. 13.00 i museumstunet. 

Bli med på å feira poesien under Diktardagen på Utne! 

Type:
Prisutdeling

Tid:
Sundag 9. juni kl. 13.00 

Stad:
Hardanger Folkemuseum, Utne