Tingingsverk Haugestipendvinnaren 2022: Oljedrømmen
13. september, kl. 19.30, Kongressen, Brakanes Hotel
Årets tingingsverk er ved Haugestipendvinnar Priya Bains og musikar og komponist Mira Thiruchelvam.
Priya Bains og Mira Thiruchelvam framfører eit dystopisk dikt- og lydverk om sommarens hetebylgjer, oljens urgamle tid og mennesket i krise. Opninga lyder: jeg drømmer vannets buldring over landmassene / jeg drømmer vannets bevegelse over steinene / jeg drømmer tidevannets utrettelige arbeid / dyphavets strømmer, surklingen i mosen / dråpene ned fjellsiden. Bains har skrive teksten og Thiruchelvam komponert musikken.
Priya Bains (f. 1995) er forfattar, kritikar, gjendiktar og redaktør. Ho debuterte i 2021 med diktsamlinga Med restene av mine hender, og har mellom anna vore gjesteredaktør i tidsskriftet Fett, fast spaltist i Morgenbladet, og er no nyslegen redaktør for tidsskriftet Vinduet. Nyleg kom ho ut med antologien Alltid samme snø, alltid samme grense, redigert i lag med Burcu Sahin.
Mira Thiruchelvam (f. 1994) er vokalist, fløytist, gitarist, komponist og produsent frå Laksevåg, med føtene godt planta i sine tamilske røter. Ho har bakgrunn frå sørindisk tradisjonsmusikk, og har utvikla eit rikt og sjangeroverskridande musikalsk uttrykk. Thiruchelvam er blitt eit kjend namn innanfor progressiv etnisk musikk i Noreg og internasjonalt. Ho stifta den Spelemannsvinnande gruppa 9 Grader Nord, produserer Gutu Abera og har delt scene med Karpe.
Vaksen kr. 250 / Student kr. 150
Aldersgrense 18 år.