Årets Haugeførelesar: Elin Stengrundet

14. september, kl. 11.30, Elvatun

Elin Stengrundet. Foto: privat

Olav H. Hauge og framtida 

På Ørnetuva vert innleia med eit sitat frå «Skirnesmål» i Den eldre Edda 

På Ørnetuva
du årle skal sitja,
nakken mot Mannheim,
nasen mot Hel.  

I eit intervju løftar Hauge fram sitatet som ein tolkingsnøkkel for diktsamlinga: «Dei som kjenner det der diktet, dei vil òg forstå kva eg eigentleg har meint med det, tenkjer eg». Då intervjuaren Steinar Brauteset bad Hauge forklara kva han meinte med det, var han motvillig: «Nei, det vil eg ikkje gjera for [Skirnesmål] synest eg at dei bør kjenne til, dei fleste som er interesserte i litteratur i alle fall».  

Hauge sjølv held tolkingsrommet ope. Éin måte å lesa dette på, er som ei utsegn om poetens posisjon: Bak han ligg menneskeriket Mannheim og framføre han ligg dødsriket Hel. Den aldrande poeten innser med andre ord at over halve livet er passert, og denne posisjonen legg til rette for grubling over framtida.  

I dette føredraget vil Stengrundet utforska tankar om framtida i På Ørnetuva: Kva byr framtida på for poeten, for forfattarskapet og for lyrikken? Dette vil verta diskutert opp mot tekstar med same tematikk av forfattarar som Hauge var oppteken av, som Hölderlins «Midtveges i livet» og Yeats’ «Sailing to Byzantium».  

Elin Stengrundet (f.1986) er fyrsteamanuensis i norsk litteratur ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har skrive doktoravhandling om Henrik Wergelands lyrikk, redigert fleire nordiske antologiar og publisert artiklar om norsk litteratur frå 1800- og 1900-talet.  

Vaksen kr. 200 / Student kr. 100  

Type:
Poesifestivalen

Tid:
14. september, kl. 11.30

Stad:
Elvatun