Ny duk: Møte med Haugestipendvinnaren 2024

14. september, kl. 13.00, Yppal mat & drykk

Illustrasjonsbilete av Olav H. Hauge sitt skrivebord
Olav H. Hauge sitt skrivebord. Foto: Agurtxane Concellon

Ny gul duk på bordet.
Og nye kvite ark!
Her må då ordi koma,
her som er so fin duk
og so fint papir!  

Slik står det i Hauge-diktet Ny duk frå diktsamlinga Janglestrå. Er det slik for årets stipendvinnar? Kjem orda og dikta til deg, berre du har ny duk og fine papir? Vinnaren av årets Haugestipend fortel litt om eiga skriving og korleis skrivinga starta, i samtale med Pedro Carmona-Alvarez. Vinnaren vil også lesa frå diktsamlingane sine. 

Pedro Carmona-Alvarez (f. 1972) er forfattar, gjendiktar og musikar. Carmona-Alvarez har vore eit vitalt tilskot til norsk poesi sidan diktdebuten Helter i 1997. Med ei sterk og original stemme har han gjeve ut bøker i ei rekkje sjangrar, og har også verka som redaktør for fleire antologiar av dikt og gjendiktingar. Carmona-Alvarez er juryleiar i fagjuryen for Haugestipendet 2024. I juryen sit også forfattar Brit Bildøen og forfattar og kritikar Kristin Vego. 

Fri inngang. 

Type:
Poesifestival

Tid:
14. september, kl. 13.00

Stad:
Yppal mat & drykk