Ei einsam tuve: om dikting og gjendikting

15. september, kl. 11.00, Elvatun

«Ein som har sysla litt med umsetjing, veit at sume diktarar er det råd å setja um, andre ikkje», skriv Olav H. Hauge i dagboka. 

Poetane Gunnar Wærness og Ida Hove Solberg har begge ei sterk forankring i gjendiktingsarbeid. Hove Solberg var i 2015 ein av initiativtakarane til omsettingstidsskriftet Mellom, medan Wærness (saman med Pedro Carmona-Alvarez) var redaktør for den definerande antologien Verden finnes ikke på kartet (2010). I tillegg har dei begge gjendikta fleire diktsamlingar til norsk. Korleis ser dei to poetane på gjendiktingsarbeidet? Kva faktorar påverkar korleis dei vel ut verk til gjendikting? På kva måtar heng dette arbeidet saman med deira eiga skriving? 

Samtaleleiar er poet og gjendiktar Anna Kleiva. 

Gunnar Wærness (f. 1971) er poet, forfattar og gjendiktar. Han debuterte med diktsamlinga Kongesplint i 1991, og har sidan gjeve ut fleire diktsamlingar og antologiar. Eit svært formmedvite språk pregar poesien til Gunnar Wærness, og forfattarskapen hans er sagt å vera av sorten som gjer norsk litteratur rikare. 

Ida Hove Solberg (f. 1987) er gjendiktar, har ein doktorgrad i omsetjing frå Universitetet i Oslo, og debuterte i år med diktsamlinga Var det grønt. Diktsamlinga er skildra som eit «skeivt, økopoetisk kampskrift». 

Vaksen kr. 200 / Student kr. 100 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
15. september, kl. 11.00

Stad:
Elvatun