Boksamlingas forteljingar:

Kva kan vi lære av ei boksamling?

Seminar i Aasentunet i Ørsta 17.–18. oktober 2024

Illustrasjonsfoto, mann les i ei bok
Foto: André Hustoft Nesheim

Etter fleire år med arbeid har boksamlingane etter Ivar Aasen og Olav H. Hauge opna seg gradvis for både forskarar og publikum, med påfølgjande spørsmål: Kva kan vi lære av ei boksamling? Korleis nærmar ein seg ei boksamling sine forteljingar? 

Nynorsk kultursentrum ønskjer å skape ein møteplass for kunnskapsutveksling rundt arbeid med boksamlingar skapt av enkeltpersonar eller organisasjonar. Vi inviterer difor til seminaret «Boksamlingas forteljingar: Kva kan vi lære av ei boksamling?» i Aasentunet i Ørsta 17.–18. oktober 2024.   

Innlegga på seminaret vil mellom anna belyse og drøfte desse spørsmåla og temaa:  

  • Korleis kan ein forske på ei boksamling? 
  • Kva kan boksamlinga fortelje oss om eigaren eller om samfunnet eigaren levde i?       
  • Kva kan ulike fagpersonar, som språkforskarar, litteraturvitarar, historikarar og muselogar, lære når dei studerer ei boksamling?   
  • Marginalia: Spor etter lesnad og eigarskap i boksamlingar    
  • Boksamlinga sin funksjon i utstilling, museum, arkiv og diktarheim   

Seminaret passar både for deg som har arbeidd mykje med boksamlingar, og deg som har boksamlingar som ikkje har vore arbeidd like mykje med. Det passar òg for deg som er nyfiken på alle løyndomane og innsiktene ein kan finne mellom to eller fleire permar i ulike boksamlingar.  

Seminaret er gratis, og inkluderer lunsj begge dagane. Du må sjølv bestille overnatting. Aasentunet ligg midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Både Ørsta og Volda sentrum har fleire overnattingsstader å by på, til dømes Hotel Ivar Aasen. 

Transport

Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Ørsta og Volda. 
Frå Ålesund er avstanden ca 60 km. Frå Bergen ca 300 km.

Ferjeruter Fjord 1 
Ferjeruter Tide

Nattbuss frå Trondheim og Oslo til Volda og Ørsta kvar natt. 

Dagbuss frå Bergen til Volda og Ørsta kvar dag. 
TIMEekspress Volda–Ålesund–Molde–Kristiansund

Lokalbuss mellom Volda og Ørsta ein til to gonger i timen. Ca. 10 minutt å gå frå buss-stopp.

Bussruter Nettbuss

Widerøe 
Rutefly fleire gonger dagleg frå Bergen og frå Oslo, 
dels direktefly, dels med mellomlandingar.

Hovden flyplass ligg ca 1 km frå Aasentunet og 5 km frå Volda eller Ørsta sentrum. Frå flyplassen treng ein vanlegvis drosje eller privat skyss. Ca 10 minutt å gå til busshaldeplass. 

Flyruter Widerøe 


Norwegian og SAS 

Rutefly fleire gonger dagleg til Vigra flyplass utanfor Ålesund. Derifrå er det drygt 2 timars busstur til Ørsta og Volda.

Flyruter Norwegian
Flyruter SAS 

Overnatting og mat

Seminaret er gratis, men du må melde deg på slik vi veit kor mange som kjem med tanke på deltakarplassar og lunsjgjester. 

Type:
Seminar

Tid:
17.–18. oktober 2024

Stad:
Aasentunet

Her finn du Aasentunet

Indrehovdevegen 176
6160 Hovdebygda

Aasentunet har parkering langs Indrehovdevegen.

Rørslehemma

Det er parkering for rørslehemma i sjølve Aasentunet. Øvst i Salen på vestre side er det plass til rullestolbrukarar.

Program 17.–18. oktober

Torsdag 17. oktober
11.00–11.10   Velkomst
11.10–11.45   Innlegg frå Nynorsk kultursentrum 
11.45–12.45   Lunsj 
12.45–13.30   Kamilla Aslaksen, førsteamanuensis, Høgskolen i Innlandet: Hamsun si boksamling på Nørholm: Arkiv og vitne 

13.30–13.45   
Pause 

13.45–14.30   Kristian Lødemel Sandberg, førsteamanuensis i norsk litteratur, Høgskolen i Innlandet: Kva var A.O. Vinjes “boksamling”?  
14.30–15.15   Cecilie Rørstad, konservator, samfunn og landbruk, Viti: Boksamlinga etter Claus Frimann

15.15–15.30   Pause 

15.30–16.15   Aslaug Eidsvik, administrativ leiar, Perspektivet Museum: Samlinga etter Cora Sandel/Sara Fabricius – det Fabricius leste 
16.30–18.00   Omvising på Sivert Aarflot-museet 

Fredag 18. oktober
09.00–09.45   Stina Aasen Lødemel, spesialrådgivar i Nynorsk kultursentrum: Spor etter mønster og Aasen-resepsjon i Aasens boksamling 
09.45–10.30   Huiwen Helen Zhang, professor, kinesisk og komparativ litteratur, UiB: Olav H. Hauges boksamling og nordisk translesing 

10.30–10.45   Pause 

10.45–11.30    Ola Søndenå, seniorkonsulent, og Marianne Paasche, digital arkivar og seniorkonsulent, Manuskript- og librarsamlingen, seksjon for Spesialsamlinger, Universitetsbiblioteket i Bergen:  Romertallsamlingen – 200 år med bokspor 

11.30–12.30    Lunsj 

12.30–13.15    Maren Haugfos, fagansvarleg gamle samlingar, Deichman, og Therese Foldvik, forskar for digitaliseringsprosjektet SAMLA, UiO: Deichman digitalisert! Korleis jobbe med digitale verktøy på ukjent materiale 

13.15–14.00   Alexandros Tsakos, fagleg leiar ved Manuskript- og librarsamlingen, seksjon for Spesialsamlinger, Universitetsbiblioteket i Bergen: Samarbeidet mellom UiB og UiKh – O’Faheys samling og Durham Universitets gåver 

14.00–14.15   Pause 

14.15–15.00   Ellen E. Nicolaysen, bibliotekar og seniorrådgivar, Nasjonalbiblioteket: Auresamlingen og en mulig metode for forskning på boksamlinger
15.00–15.30   Plenumsdiskusjon av temaet 
15.30–15.35   Avslutning 

 

Seminaret er gratis, men du må melde deg på slik vi veit kor mange som kjem med tanke på deltakarplassar og lunsjgjester.