Forfattarbesøk med Anders Totland

20. oktober, kl. 15.30, Salen, Aasentunet

Forfattar Anders Totland og boka Til døden skil oss
Anders Totland og boka Til døden skil oss. Foto: Helge Skodvin.

Det er ei veke til bygdas nye prest Maria skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brudepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, som viser seg å vera ein handfull. Men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at Gjertrud er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne. Det hjelper heller ikkje at helsa til Jacob skrantar. Det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljeglinsande lik frå andre etasje, og å rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyde barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, då. 
 
Romanen Til døden skil oss byr på humor, spenning og varme, sydd saman til ei burlesk historie der alt kan skje. 

Forfattar Anders Totland har gjeve ut 17 bøker på ni år, har besøkt rundt 2500 skuleklassar over heile landet, og er ifølgje Aftenposten kanskje «sin generasjons mest allsidige forfattar». Som om ikkje det var nok, verva han så mange medlemmer til Noregs Mållag i 2021 at heile medlemsmassen auka med nesten ein prosent, i eit stunt der han gav vekk den første vaksenromanen sin, Vintertonar. Då romanen Til jord skal du bli om den pensjonerte presten, birøktaren og sprithandlaren Jacob Juul kom ut året etter, gjekk boka rett inn på den nasjonale bestseljarlista. Romanen blei selt til fleire andre land, og skal i tillegg bli film. No er Totland klar med det forlaget kallar «ein nokså frittståande oppfølgjar» i Til døden skil oss.

Velkomen til Aasentunet! 

Les meir om Anders Totland på  SNL.

Aasentunet er ope kl. 12.00 – 17.00.

Type:
Forfattarbesøk

Tid:
20. oktober, kl. 15.30

Stad:
Salen, Aasentunet