Bok og bakverk: Broderi og boktips

29. november, kl. 14.00, Kafeen, Aasentunet

Velkomen til Bok og bakverk: Broderi og boktips i kafeen i Aasentunet fredag 29. november kl. 14.00.   

Kvart år under Festspela er det gudsteneste i Aasentunet. Elles i året er det også særskilte høve der det kan passe med litt ekstra dekor. Før jul fekk vår eigen bibliotekar, og hobbybrodøse, Siri Beate Gjerde ein idé om å lage ein seremoniduk.  

Motivet er inspirert av bjørka på heimgarden som Ivar Aasen dikta om og blomane han samla inn. Skaparverket var noko Aasen dikta om i fleire samanhengar. Stoffet av ull er frå Skaar Tekstil, og broderiet er gjort med både bomull- og ulltråd. Teknikken blir kalla “needle painting”, noko som kan omsetjast til “måling med nål”.  

Denne fredagen får du høve til å sjå nærare på den broderte seremoniduken. Gjerde vil gje innblikk i korleis arbeidet med Aasen-boksamlinga inspirerte til motiv og metode, i tillegg til å fortelje om nokre av årets bøker som tips til årets julehandel.  

Aasentunet har ope 10-15.30 denne dagen. Arrangementet er gratis. 

Opningstider i Aasentunet: tysdag – fredag kl. 10.00–15.00 og søndag kl. 11.00–17.00. 

Type:
Bok og bakverk

Tid:
29. november, kl. 14.00

Stad:
Kafeen, Aasentunet