I 2024 er det 200 år sidan kunstnaren, forfattaren, kvinnesakspioneren og målsakskvinna Aasta Hansteen vart fødd. Aldri høyrt om Hansteen? Eller kanskje er du Hansteen-beundrar på din hals? Vinjesenteret inviterer til kulturkveld torsdag 24. oktober kl. 18.00 om Aasta Hansteen, der du mellom anna kan lære meir om ei av dei første kvinnene som skreiv bok på nynorsk (etter inspirasjon frå ein tur i Telemark i 1852), og kvifor ho måtte reise til Amerika for å kunne meine det ho gjorde om kvinner i samtida.
Forfattar og feminist Marta Breen er blant dei som verkeleg har sett søkelyset på Hansteen sitt jubileumsår, mellom anna gjennom boka Aasta Hansteen og jakten på søsterskapet. Breen vil med utgangspunkt i boka si gje ei innføring i Aasta Hansteens person og virke. Doktorgradsstipendiat Mona Holm tek oss med på ei reise i Hansteens amerikanske draum, før professor Eli Bjørhusdal fortel om den gløymde målkvinna Hansteen.
Det blir lett servering i løpet av kvelden.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Kvinnemuseet og Nynorsk kultursentrum, arena Vinjesenteret, i samband med Hansteen-jubileet i 2024.
Billettprisar: 330/270