Eventyrleg i Aasentunet

17. november, kl. 15.00, Kafeen, Aasentunet

boka Eventyret i Sandvikdalen
Eventyret i Sandvikdalen / Åram Sogelag

Åram Sogelag gir ut eventyrboka Eventyret i Sandvikdalen. Søndag 17. november vert det eventyrstund i Aasentunet. Då kjem Inge Kløvning frå Sogelaget for å fortelje om den spesielle bokutgjevinga og lese frå eventyra. 

– Ikkje sidan dei nasjonale eventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe sine velmaktsdagar, har vi opplevd noko liknande, forsikrar Kløvning. 

Historia om dette som ein gong skal ha skjedd oppe i ein lokal og attkjenneleg fjellheim, vart på 1990-talet skriven ned av gamlelæraren på Hakallestranda, Harald Molvik. Denne spesielle boka, som garantert vert julegåvebok, er lokale historier som er fortalt gjennom generasjonar. Ikkje minst er det eventyr som på fleire måtar gir tankevekkande lærdom til oss i dag. 

Molvik var framsynt og såg på eventyret som ei svært viktig motvekt til den importerte og rastlause barnekulturen han såg utvikle seg. I forordet frå 30 år tilbake skreiv han at «Mykje av det vi i dag har å by borna våre, synes for meg lite eigna til å utvikle fantasi og opplevingsevne». 

Eventyret i Sandvikdalen handlar om ulike eventyrlege skapningar, som på ein førebiletleg måte lever i fred og harmoni med kvarandre. – Slik sett kan boka vere ei verdfull fredlærebok, også for dagens samfunn, meiner Kløvning. 

Kunstnaren Anne Håberg har bidrege med vakre illustrasjonar i boka, som forsterkar eventyroppleving. Sjølv dei fantasifulle akvarellane med kalde vintermotiv gir ei oppleving av varme og er fulle av harmoni, glede og kjærleik. Håberg er elles godt kjend i den same fjellheimen som eventyrheltane i boka lever i. 

– Vi i Åram Sogelag meiner at Asbjørnsen og Moe gjekk glipp av noko stort då dei reiste forbi Hakallestrand og Sunnmøre på samlaroppdraget sitt, legg Kløvning avsluttande til. 

Søndag 17. november kjem Åram Sogelag for å att skape litt av historia og vise bilete frå det eventyrlege livet i boka. 

Type:
Bokpresentasjon

Tid:
17. november, kl. 15.00

Stad:
Kafeen, Aasentunet