Boklansering: «Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd?»
6. november, kl. 18.00, Sunnmøre museum
Boka har vitskaplege artiklar skrive av museumstilsette ved Viti, Romsdalsmuseet og Nynorsk kultursentrum, og er eit resultat av eit treårig forskingsprosjekt.
Forfattarane tek utgangspunkt i teoriane til sosiologen Max Weber om protestantisk etikk og kapitalismens ånd, og undersøkjer om dei internasjonalt mykje nytta modellane frå Weber-skulen let seg overføre til arbeids- og næringsliv i Møre og Romsdal.
Under lanseringa vil de få høyre om alle artiklane, og det vert ein samtale med professor Ola Honningdal Grytten (NHH) som har vore ekstern rådgjevar for prosjektet.
Det vert også eit musikalsk innslag på trøorgel produsert på Vestre orgelfabrikk, ved Dag-Filip Roaldsnes.
Bilde: Omslaget på boka «Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd? Næringslivshistorie frå Møre og Romsdal» syner diktaren Berthe Kanutte Aarflot (1795-1859). Teikning av J. Nordhagen / Wikimedia Commons.