«Satan er ei kvinne»
Torsdag 27. februar, kl. 19.00, Salen, Aasentunet
«Satan er ei kvinne»
– skreiv Jakob Sande.
Mange har nok lese diktsamlingane til Sande, men framleis er det mange dikt som ikkje er godt kjende. Skodespelar Oda Alisøy har røtene sine frå heimbygda til Jakob Sande, Fjaler, og har fått diktinga hans inn med morsmjølka. I framsyninga rettar Alisøy merksemda mot kvinnene i diktinga til Sande: dei kvinnene han skreiv til, for og om.
Alisøy har med seg pianisten Andreas Jess-Bakken.- Han har tonesett dikta med alt frå Metallica til Eminem og Bruno Mars, i tillegg til nokre av dei meir tradisjonelle melodiane folk forbinder med Jacob Sande sine dikt.
Framsyninga er laga i samproduksjon med Det Vestnorske Teateret i Bergen, og varer i 1 time og 15 minutt.
Oda Alisøy er skodespelar, regissør og songar frå Florø. Ho har jobba som frilansar i snart 20 år, og har mellom anna vore tilknytta Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret. Ho har turnert i Den Kulturelle Skulesekken, mellom anna med Aasentunet si framsyning «Lurivar og det hemmelege skrinet». CV–en omfattar teater, musikalar, revy, spel, opera og noko film og TV. Hennar vestlandske identitet og den vestnorske kulturen har alltid stått sterkt i Oda sin kunstnarskap, og med diktkonserten «Satan er ei kvinne» har ho reist heilt tilbake til røtene i Dale og ei oppvekst som alltid var krydra med Jakob Sande sine dikt.
Andreas Jess-Bakken studerte jazzpiano ved musikklinja på Gjøvik videregående skole. Andreas har vore komponist og pianist i rockebandet Silverstreet, turnert inn- og utland med diverse coverband, laga stemning på pianobarar, akkompagnert på revy, underheldt på danskebåten, og vore mange sitt førsteval som musikar til bryllaup og andre store livshendingar. Sjølv om Andreas no har «vanleg, streit» jobb var det eit naturleg val for Oda å ta med seg Andreas på dette prosjektet då han både er drivande dyktig og ei fryd å samarbeide med.
Tidspunkt: 27. Februar kl. 19.00
Billettar: 175 kr / 100 kr
Aasentunet held ope til kl. 21.00.