Velkomen til familieteater i Aasentunet.
Frosken kjenner seg så rar, han veit ikkje om han er glad eller lei seg og hjartet bankar fortare enn vanleg. Haren seier at frosken er forelska! Og når frosken får tenkt seg om forstår han at han er forelska i Anda. Venene hans seier at det er umogeleg sidan han er ein frosk og ho er ei and. Men det stoppar ikkje Frosken, han tek til å forska på korleis han kan få vist Anda at han er glad i henne.
Den forelska frosken er ei dramatisert forteljarstund med enkle, gøyale effektar og musikk, som først og fremst passar for dei minste gjestene våre.
Salen, Aasentunet
Billettar: 75 kroner
Framsyninga passar for barn i alderen 1–5 år.
Barn under 2 år går gratis saman med føresette.
Barn under 2 år går gratis saman med føresette.
Type:
Familieteater
Tid:
Tysdag 15. april, kl. 14.00
Stad:
Salen, Aasentunet