Kvinnedagen på Vinjesenteret!

Laurdag 8. mars, kl. 16.00, Vinjesenteret

Velkomen til markering av kvinnedagen på Vinjesenteret! 

Kl. 16.00. Føredrag av Kathrine Kinn 
Kathrine Kinn (f. 1992) er bonde, sosiolog, forfattar og fast spaltist i Klassekampen. Kinn jobbar til dagleg som fagrådgjevar i Bonde- og Småbrukarlaget samtidig som ho byggjer opp ein nedlagt gard i Telemark. Denne laurdagen kjem ho til Vinjesenteret for å snakke om kvinners rolle i landbruket i dag. 

Kl. 16.30. Kaffi og kake 

Kl. 17.00. Gunnbjørg Vinje 
Då dei i Vinje den 19. mars 1899 skulle røyste over bruken av dei nynorske salmane til Elias Blix i Vinje kyrkje, fekk ikkje kvinnene røyste. Då mennene var ferdig med røystinga, var Vinje Kvenderøysterettslag eit faktum, med Gunnbjørg Vinje som leiar.  

Kampen for nynorsk i kyrkja er ein av mange språkstridar i Noreg som starta lokalt og vart kjempa med demokratiske middel, og er ein interessant parallell til arbeidet for kvinneleg røysterett. Arbeidet Gunnbjørg Vinje og dei andre røysterettskvenda lokalt i Vinje gjorde er ein del av kampen for eit meir demokratisk Noreg. I 2025 er det 100-årsjubileum for Nynorsk salmebok.   

Gunnbjørg Vinje stod også på for å gjeva ut ei lesebok på landsmål. Korleis det gjekk får du vita gjennom filmen Eit gjævt kvende med opptak frå 8. mars-tilstellinga på Vinjar i 2011, laga og framført av bygdefolk frå Vinje. 

Kl. 18.15. Dialektkviss med Vinje mållag 

I resepsjonen på Vinjesenteret vil vandreutstillinga Halldis i livet. Halldis Moren Vesaas 1907-1995 stå oppe heile dagen.  

Kaffi og kake er inkludert i billettprisen.  

Initiativtakarar bak arrangementet er Anne T. Romtveit og Anne A. Ringhus. Arrangementet er eit samarbeid mellom Vinjesenteret, Vinje mållag og Vinje historielag.  

Velkomen!  

Type:
Føredrag og film

Tid:
8. mars kl. 16.00

Stad:
Vinjesenteret