Olav H. Hauges diktverd

Stavanger antikvariat, laurdag 22. mars, kl. 16.00-17.00

Bilde av Stein A Hevrøy, Hadle O Andersen og Ingrid Nielsen.
Stein A. Hevrøy, Hadle O. Andersen og Ingrid Nielsen. Foto Kjersti Dahl, privat, Nynorsk kultursentrum

Presentasjon av antologien om Hauge Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauge og samtale med litteraturforskarane Hadle O. Andersen, Ingrid Nielsen og Stein A. Hevrøy, tre av bidragsytarane.

Dikta til Olav H. Hauge har ei eiga evne til å fornye seg; dei har alltid noko nytt å by på, sjølv for røynde Hauge-lesarar. Det er nok også ein av grunnane til at så mange forskarar har kasta seg over diktinga hans. Hauges diktarlandskap er konkret, men det rommar også mykje av anna dikting, og slik gjev det rom til mange ulike innfallsvinklar og lesemåtar.

Type:
Bokpresentasjon og samtale

Tid:
Laurdag 22. mars, kl. 16.00-17.00

Stad:
Stavanger antikvariat