Er du vår nye omvisar i diktarheimen Midtbø?

Bilde av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas
Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas (1960). Foto: Johan Brun

Sumaren 2025 vil Vinjesenteret tilby omvisingar i diktarheimen Midtbø som ein del av formidlingstilboda frå Vinjesenteret. Midtbø var heimen til ekteparet og forfattarane Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.      

Me søkjer no etter omvisarar for sumarsesongen og ser etter deg som har interesse for, eller erfaring med kulturformidling. Kanskje er du student og ynskjer relevant jobberfaring?    

Det å formidle historia om forfattarlivet på Midtbø står sentralt i stillinga. Som omvisar vil du ha arbeidsdagane dine der, og du vil vera vertskap for besøkjande gjester. Som grunnlag for omvisingane vil du ha eit profesjonelt utarbeidd manus som utgangspunkt. Som omvisar vil du få god opplæring og høve til å øve på manus.     

Du må like å møte nye menneske, få dei til å kjenne seg velkomne, og kunne gje dei gode opplevingar. Ei interesse for skjønnlitteratur og lyrikk kjem godt med i arbeidet.  

Omvisingane på Midtbø byrjar 17. juni og held fram til 17. august. I veke 28 og 29 vil familien Vesaas sjølv ha omvisingane på Midtbø.  

Opningstidene er 11.00–17.00 tysdag til sundag. 

Hjå oss nyttar alle nynorsk i skriftlege samanhengar. Du må vera stødig i engelsk, og kan du fleire språk er det ein bonus. Du som søkjer bør helst vera over 18 år. Løn etter lokalt lønssystem.      

For meir informasjon om stillinga kontakt arenaleiar Yngve Knausgård, tlf 950 27 251 og e-post: yngve.knausgaard@nynorsk.no

Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument snarast til stilling@nynorsk.no

Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.    

 

Halldis Moren Vesaas var ein av dei fremste og mest lesne lyrikarane i Noreg, ho skreiv noveller, sakprosa, bøker for barn og unge og har omsett og gjendikta ei rekkje skodespel og annan skjønnlitteratur bl.a. frå fransk og engelsk.     

Tarjei Vesaas var den fyrste norske forfattaren til å vinne Nordisk Råds litteraturpris i 1964, berre to år etter at den vart oppretta. Han var nominert til Nobels litteraturpris fleire gonger. Bøkene hans blir omsette til stadig fleire språk, og mange av dei som vart omsette i hans levetid kjem no ut i nye omsetjingar.     

Vinjesenteret er ein av tre arenaer under Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Arenaen er eit nasjonalt senter for litteratur og journalistikk med utgangspunkt i Vinjeforfattarane Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa. 

Behandling av personopplysningar i samband med rekruttering 
Søkarar på stillingar i Nynorsk kultursentrum sender søknad, cv og personopplysningar til e-postadressa stilling@nynorsk.no. Det er berre ein person i organisasjonen som har tilgang til denne og behandlar opplysningane som kjem inn der.  

Når søknadsfristen er ute blir det laga ei søkarliste med følgjande informasjon om kvar kandidat til stillinga: Namn, bustadkommune, fødselsår, noverande arbeidsstad og høgaste utdanning. Desse opplysningane blir lagra etter at tilsetjingsprosessen er over. All anna personinformasjon (søknad, cv og kontaktdata) blir sletta etter at tilsetjinga er gjennomført.  

Nynorsk kultursentrum har offentlege søkarlister. Om du ikkje skal stå på ho, må du be om unntak i søknaden. Du vil eventuelt få dette innvilga frå administrasjonen. Dei offentlege søkarlistene inneheld namn, bustadkommune, fødselsår og noverande stillingstittel.  

Det blir utnemnd eit tilsetjingsutval med inntil tre personar for kvar tilsetjing. Den som har personalansvaret for stillinga leiar dette utvalet. Utvalet har teieplikt om alt som kjem fram i tilsetjingsprosessen.  

Nynorsk kultursentrum verken kartlegg eller lagrar sensitive personopplysningar. Vi sender heller ikkje vidare noko informasjon om søkarar utan samtykke frå kandidaten.  

Dine rettar etter personopplysningsloven 
Alle har rett til generell informasjon om korleis Nynorsk kultursentrum behandlar opplysningar. Alle personar vi har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i det som er registrert om ein. Om desse opplysningane er feil, kan du krevje at dei blir retta eller sletta.  

Arbeidsstad:
Midtbø

Tittel:
Omvisar

Søknadsfrist:
Snarast

Oppstart:
17. juni