Tre nynorskutfordringar til Raja og Grande
– Norsk språk og litteratur treng engasjerte kultur- og kunnskapsministrar som forstår verdien av mangfald. Det har vi fått. Samstundes treng vi rask handling, slik at nynorsk blir ein del av kvardagen til fleire av oss, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum gratulerer Abid Q. Raja og Trine Skei Grande med nye statsrådspostar. – Venstre har vist stor vilje til gjennomslag for nynorsk dei sju åra dei har påverka den daglege språkpolitikken. Med kløkt og kunnskap om feltet har den språklege infrastrukturen i Noreg blitt styrkt med Trine Skei Grande som kulturminister, seier Sandsmark. Samstundes står mykje att, og den nye læreplanen i norskfaget krev heilt medvitne tiltak for at ikkje nynorsk blir svekka som eit nasjonalt kvardagsspråk. Derfor har nynorskdirektøren tre utfordringar til dei nye statsrådane.
Lovverket må sikre språkleg mangfald
Dei to statsrådane har både opplæringslova, mediestøttelova og språklova på borda sine.
– Regjeringa viser stor forståing for det språklege mangfaldet i Noreg, med nynorsk, bokmål, dei samiske språka, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Samstundes manglar ofte tiltaka som gjer at lovverket reelt sett stør opp om dette mangfaldet, seier Sandsmark. Nynorsk kultursentrum meiner at retten til undervising på eige skriftspråk i alle fag skal bli utvida til 10. steget. Stiftinga er òg opptekne av at nynorsk må inn som eige kriterium i mediestøttelova på lik linje med dei samiske språka, og at styresmaktene må ha verkemiddel og kompetanse til å skrive nynorsk.
- Meir nynorsk i kvardagen
Med makt i kultur- og kunnskapsdepartementa ventar Nynorsk kultursentrum at Venstre nyttar høvet til eit løft for nynorsk på fleire område. – Nynorsk er eit sterkt skriftspråk i verdssamanheng. Det er i bruk i skulane, næringslivet, offentleg sektor, rettsvesenet, trussamfunna, kunsten, vitskapen, massemedia og i mange heimar kvar dag, seier Sandsmark. Han peiker på at det samstundes er for lite digitalt innhald på nynorsk. Nynorsk kultursentrum er også opptekne av behovet for lærebøker til høgare utdanning, til dømes lærar-, sjukepleiar- og økonomiutdanningane. Det er også eit stort behov for meir tilrettelagd litteratur for vaksne innvandrarar som lærer nynorsk.
- Grunnlaget for språkteknologien i framtida må bli lagt no
Noreg treng gode databasar og framifrå fagfolk på terminologi, talespråk, stadnamn og språkteknologi. – Utan medviten politikk og satsing kan teknologien føre til at det språklege mangfaldet blir redusert. Det er synd, for tiltaka og ideane for å sikre mangfaldet finst. No må dei sikre rammene for å sikre kompetanse og drift av desse tiltaka for framtida, avsluttar Sandsmark.