Nordmannen-rap kjem 17. mai
17. mai slepper vi musikkvideoen til Nordmannen-arrangementet Gunnar Aurdal har laga i samarbeid med Runar Gudnason, som har skrive rappen.
Filmen er produsert av Oclin for Nynorsk kultursentrum og 17. mai-komiteen i Volda kommune har også bidrege med midlar til prosjektet.
Dei to talentfulle solistane som er med i musikkvideoen er Sigurd Andreas Aurdal og Johanna Dalsbø Tøsse, dei fire rapparane Sander Velsvik Bjørneset, Adam Mustafa Adan, Asle Rasmus Sandnes Våge og Eirik Larsen Hasle. Saman med barnekor ved barneskulane i Volda og innsendte klipp frå folket i Ørsta og Volda blir dette ein heilt ny versjon av den folkekjære songen. Det er berre å glede seg!