Bok og bakverk: Likestilling i moderne kystkultur?
Fredag 7. mars, kl. 14.00, Aasentunet
I 1960- og 70 åra skjedde det store endringar på likestillingsfeltet i Noreg. Toinntektsfamilien vart idealet, det vart fleire barnehageplassar, kortare arbeidstid og meir ferie. For sjøfolk gjaldt ikkje dei nye ordningane i same grad. Dei var framleis til sjøs i lange periodar. Korleis påverka dette kvinner som var gift med sjøfolk sine moglegheiter?
Aasentunet markerer kvinnedagen 8. mars med besøk frå Cecilie Rørstad. Cecilie er konservator for samfunn og landbruk i Viti og ho har vakse opp i ein sjømannsfamilie. Ho vil presentere eiga forsking på temaet. Hennar artikkel er ein av fleire i boka Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd? Boka er eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Viti og Nynorsk kultursentrum.
Det vert høve til spørsmål og innspel etter presentasjonen.
Arrangementet er gratis.
Aasentunet er ope 10-17 denne dagen.