Boksamlingas forteljingar:
Kva kan vi lære av ei boksamling?
Seminar i Aasentunet i Ørsta 17.–18. oktober 2024
Etter fleire år med arbeid har boksamlingane etter Ivar Aasen og Olav H. Hauge opna seg gradvis for både forskarar og publikum, med påfølgjande spørsmål: Kva kan vi lære av ei boksamling? Korleis nærmar ein seg ei boksamling sine forteljingar?
Nynorsk kultursentrum ønskjer å skape ein møteplass for kunnskapsutveksling rundt arbeid med boksamlingar skapt av enkeltpersonar eller organisasjonar. Vi inviterer difor til seminaret «Boksamlingas forteljingar: Kva kan vi lære av ei boksamling?» i Aasentunet i Ørsta 17.–18. oktober 2024.
Innlegga på seminaret vil mellom anna belyse og drøfte desse spørsmåla og temaa:
- Korleis kan ein forske på ei boksamling?
- Kva kan boksamlinga fortelje oss om eigaren eller om samfunnet eigaren levde i?
- Kva kan ulike fagpersonar, som språkforskarar, litteraturvitarar, historikarar og muselogar, lære når dei studerer ei boksamling?
- Marginalia: Spor etter lesnad og eigarskap i boksamlingar
- Boksamlinga sin funksjon i utstilling, museum, arkiv og diktarheim
Seminaret passar både for deg som har arbeidd mykje med boksamlingar, og deg som har boksamlingar som ikkje har vore arbeidd like mykje med. Det passar òg for deg som er nyfiken på alle løyndomane og innsiktene ein kan finne mellom to eller fleire permar i ulike boksamlingar.
Seminaret er gratis, og inkluderer lunsj begge dagane. Du må sjølv bestille overnatting. Aasentunet ligg midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Både Ørsta og Volda sentrum har fleire overnattingsstader å by på, til dømes Hotel Ivar Aasen.
Program 17.–18. oktober
Torsdag 17. oktober
11.00–11.10 Velkomst
11.10–11.45 Innlegg frå Nynorsk kultursentrum
11.45–12.45 Lunsj
12.45–13.30 Kamilla Aslaksen, førsteamanuensis, Høgskolen i Innlandet: Hamsun si boksamling på Nørholm: Arkiv og vitne
13.30–13.45 Pause
13.45–14.30 Kristian Lødemel Sandberg, førsteamanuensis i norsk litteratur, Høgskolen i Innlandet: Kva var A.O. Vinjes “boksamling”?
14.30–15.15 Cecilie Rørstad, konservator, samfunn og landbruk, Viti: Boksamlinga etter Claus Frimann
15.15–15.30 Pause
15.30–16.15 Aslaug Eidsvik, administrativ leiar, Perspektivet Museum: Samlinga etter Cora Sandel/Sara Fabricius – det Fabricius leste
16.30–18.00 Omvising på Sivert Aarflot-museet
Fredag 18. oktober
09.00–09.45 Stina Aasen Lødemel, spesialrådgivar i Nynorsk kultursentrum: Spor etter mønster og Aasen-resepsjon i Aasens boksamling
09.45–10.30 Huiwen Helen Zhang, professor, kinesisk og komparativ litteratur, UiB: Olav H. Hauges boksamling og nordisk translesing
10.30–10.45 Pause
10.45–11.30 Ola Søndenå, seniorkonsulent, og Marianne Paasche, digital arkivar og seniorkonsulent, Manuskript- og librarsamlingen, seksjon for Spesialsamlinger, Universitetsbiblioteket i Bergen: Romertallsamlingen – 200 år med bokspor
11.30–12.30 Lunsj
12.30–13.00 Omvising i Aasentunet
13.00–13.45 Alexandros Tsakos, fagleg leiar ved Manuskript- og librarsamlingen, seksjon for Spesialsamlinger, Universitetsbiblioteket i Bergen: Samarbeidet mellom UiB og UiKh – O’Faheys samling og Durham Universitets gåver
13.45–14.00 Pause
14.00–14.45 Ellen E. Nicolaysen, bibliotekar og seniorrådgivar, Nasjonalbiblioteket: Auresamlingen og en mulig metode for forskning på boksamlinger
14.45–15.30 Plenumsdiskusjon av temaet
15.30–15.35 Avslutning
Seminaret er gratis!
Påmeldingsfrist med gratis lunsj: 9. oktober. Påmeldingsfrist utan lunsj: 17. oktober.
Overnatting og mat
Transport
Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Ørsta og Volda.
Frå Ålesund er avstanden ca 60 km. Frå Bergen ca 300 km.
Nattbuss frå Trondheim og Oslo til Volda og Ørsta kvar natt.
Dagbuss frå Bergen til Volda og Ørsta kvar dag.
TIMEekspress Volda–Ålesund–Molde–Kristiansund
Lokalbuss mellom Volda og Ørsta ein til to gonger i timen. Ca. 10 minutt å gå frå buss-stopp.
Widerøe
Rutefly fleire gonger dagleg frå Bergen og frå Oslo,
dels direktefly, dels med mellomlandingar.
Hovden flyplass ligg ca 1 km frå Aasentunet og 5 km frå Volda eller Ørsta sentrum. Frå flyplassen treng ein vanlegvis drosje eller privat skyss. Ca 10 minutt å gå til busshaldeplass.
Norwegian og SAS
Rutefly fleire gonger dagleg til Vigra flyplass utanfor Ålesund. Derifrå er det drygt 2 timars busstur til Ørsta og Volda.
Seminaret er gratis!
Påmeldingsfristar:
Med gratis lunsj: 9. oktober.
Utan lunsj: 17. oktober.
Type:
Seminar
Tid:
17.–18. oktober 2024
Stad:
Aasentunet
Her finn du Aasentunet
Indrehovdevegen 176
6160 Hovdebygda
Aasentunet har parkering langs Indrehovdevegen.
Rørslehemma
Det er parkering for rørslehemma i sjølve Aasentunet. Øvst i Salen på venstre side er det plass til rullestolbrukarar.