Dikt og yoga: Olav H. Hauge og austleg filosofi
Søndag 9. februar, kl. 17.00, Kafeen, Aasentunet
Olav H. Hauge-dagar
Olav H. Hauge er ein av dei fremste norske lyrikarane i Noreg. Han har gitt ut sju diktsamlingar og ei barnebok. Dikta hans er omsett til over 20 språk. Med to arrangement, 9. og 10. februar vil to forskarar ved Nynorsk Kultursentrum sjå på heilt nye måtar å nærme seg diktinga til Hauge.
Dikt og yoga: Olav H. Hauge og austleg filosofi
Yoga og dikting har fleire likskapar, og desse møtepunkta vil yogalærar og konservator Anne Natvig utforske i denne mjuke yogatimen. I boksamlinga til Olav H. Hauge, er det ei mengd bøker om yoga og austleg filosofi. Desse bøkene har og inspirert diktinga hans. I denne yogatimen vil utdrag frå bøker og Hauge si dikting flettast saman med rolege yogaøvingar. Yogatimen passar for alle. Ta på mjuke klede, vi har matter og yogautstyr til utlån.
Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
(Olav H. Hauge)
Pris: 100: 15 plassar
Stad: Kafeen
Tid: 17-18