Eit hjarte til jul

1. desember, kl. 14.00, Salen, Aasentunet

plakat for arrangementet eit hjarte til jul
Eit hjarte til jul.

Søndag 1. desember blir det familiekonsert med den musikalske juleforteljinga «Eit hjarte til jul» i Aasentunet. Du kan også kike på kunstutstillinga vår i Salen, med kunstverk laga av barnehageborn i regionen. Kunstverka hentar inspirasjon frå boka Eit hjarte til jul. 

Nora er ni år. Ho gler seg til jul, men ho gruar seg òg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Vil mamma få eit hjarte i tide, og om det vil kome før jul?

Ein annan ting Nora tenkjer mykje på er om mamma vil vere den same med eit nytt hjarte. Vil mamma vere glad i henne på same måten? For ho har jo lært av kjærleiken sit i hjartet? 

Farmor veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet. Og då, akkurat då, fer eit stjerneskot over himmelen! 

«Eit hjarte til jul» er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om det å ikkje gi opp håpet.

Line Dybedal fortel, syng og akkompagnerer seg sjølv på piano. Saman med seg på scena har ho gitarist Mathias Marstrander, som rammar inn forteljinga med magiske og musikalske stemningsbilete.

Publikum får fylgje historia om Nora frå blad til blad gjennom boka med same namn. Line Renslebråten sine illustrasjonar blir viste i stort format som ein del av scenografien. Til denne førestilling har Dybedal skrive fem nye låtar som glitrar og funklar saman med den stemningsfulle og hjartevarme historia. 

Den musikalske juleforteljinga er utvikla på initiativ frå Rom for ord, i samarbeid med Teater Vestland, og med støtte frå Norsk Kulturråd. Regien er ved Idun Losnegård, og lysdesign er ved Krystian Myskja.

Aasentunet er ope kl. 12.00 – 16.00.

Type:
Musikalsk juleforteljing

Tid:
1. desember, kl. 14.00

Stad:
Salen, Aasentunet