Familiedag på Vinjesenteret!

Laurdag 25. mai kl. 13.00

Illustrasjonsbilete av omslaget til boka Bålet av Trude Tjensvold

Me får storfint besøk frå Vinje brann og redning. Dei skal lese frå biletboka Bålet av Trude Tjensvold, og me får også høyre litt om korleis det er å vere brannmann. Kanskje kjem det også ein brannbil! 

I Bålet kan me høyre om beveren Bella som vil lage eit stort sankthansbål. Er det farleg å brenne bål om våren? Kva skjer om du mistar kontrollen over eit sankthansbål? 

Det blir leikar og aktivitetar både inne og ute!  

Arrangementet er eit ledd i “Små forteljingar”, eit samarbeidsprosjekt mellom Vinjesenteret, Vinje folkebibliotek, Vinje folkeakademi og Vinje mållag.  

Matservering inngår i billettpris.  

Velkomen!  

Type arrangement:
Familiedag

Tid:
Laurdag 25.
Mai kl. 13.00

Stad:
Vinjesenteret

Prisar:
Barn kr 75
Vaksen kr 75
Familie kr 200