Ingebjørg Bratland
Laurdag 14. juni, kl. 20.00, Utescena, Aasentunet
Ingebjørg Bratland kjem til Festspela i 2025!
Bratland har ein imponerande karriere bak seg, med alt frå rosande omtale for albuma sine, til gripande framføringar under viktige nasjonale hendingar. Mange hugsar framleis augeblikket på Slottsplassen i 2007, då ho framførte den «Den fyrste song» til ein rørt Kong Harald på 70-årsdagen hans. Like sterkt står den gripande formidlinga av Nordahl Griegs «Til ungdommen» under minnekonserten i Oslo Domkyrkje 30. juli 2011.
Ho er òg kjend for sine nære tolkingar av songar som «Jul i Svingen», «Fordi eg elskar deg» og «Ljos», og ho har rørt publikum i alle aldrar med musikken sin.