Har du nokon gong vore på skattejakt? Eller lurt på om det går an å bli usynleg på ekte?
Bli med inn i den forunderlege bakterieverda søndag 16. februar når forfattar Unni Vik kjem på besøk til Aasentunet med boka Kan bakteriar bæsje?
For kan dei det? Og kva bæsjar dei eigentleg? Ta reisa gjennom vanvittige oppdagingar av dei minste organismane på jorda og dei utrulege eigenskapane deira saman med forfattaren. Du får også høve til å stille spørsmål.
Passar for alle som er nysgjerrige på verda rundt oss og som vil bli betre kjent med organismane som har vore på jorda lengst av alle. Og særleg kjekt for dei mellom tre og ni år.
Aasentunet, 16.februar kl. 12.00.
Aasentunet er ope 11.00–17.00.
Billettar til framsyninga gir deg gratis inngang til museet vårt som har ulike aktivitetar for borna.
Barn under 2 år går gratis saman med føresette
Type:
Forfattarbesøk
Tid:
16. februar, kl. 12.00
Stad:
Salen, Aasentunet