Kvifor snakke med katten? Dialogar i og mellom Olav H. Hauge og Kjartan Hatløy si dikting

Måndag 10. februar, kl. 19.00, Salen, Aasentunet

Olav H. Hauge-dagar
Olav H. Hauge er ein av dei fremste norske lyrikarane i Noreg. Han har gitt ut sju diktsamlingar og ei barnebok. Dikta hans er omsett til over 20 språk. Med to arrangement, 9. og 10. februar vil to forskarar ved Nynorsk Kultursentrum sjå på heilt nye måtar å nærme seg diktinga til Hauge. 

Kvifor snakke med katten?
Dialogar i og mellom Olav H. Hauge og Kjartan Hatløy si dikting
Olav H. Hauge er ein av dei mest folkekjære diktarane i Noreg. Han skriv om enkle og kvardagslege ting mange av oss kan relatere oss til. Hauge er også blant dei lyrikarane forskarar har skrive og sagt mest om. I dette føredraget skal vi sjå nærare på eit av dei sokalla nyenkle dikta til Hauge, nemleg «Katten», eit dikt overraskande få har tolka tidlegare. Det er altså på høg tid å kome i ein djupare dialog med «Katten», og det skal vi gjere ved hjelp av diktinga til ein anna framifrå nynorskpoet, nemleg Kjartan Hatløy. 

Katten
Katten
sit i tunet 
når du kjem. 
Snakk litt med katten. 
Det er han som er varast i garden.
(Hauge 1966/2010, 259)  

Stein Arnold Hevrøy er konservator ved Haugesenteret og forskar på Hauge si dikting. Han har vore redaktør for fleire bøker med nye tolkingar av Hauge sin forfattarskap. 

Pris: Gratis
Stad: Salen
Tid: 19-20 

Type:
Føredrag

Tid:
Måndag 10. februar, kl. 19.00

Stad:
Salen, Aasentunet