Landslovjubileet 2024: 

​Mellomalderdiplomet frå Bjørkedalen, datert 1367 – Landslova av 1274 i eit lokalt og nasjonalt perspektiv​

14.-17. november

Diplom datert 1367, 23. april. Bjørkedal
Diplom datert 1367, 23. april. Bjørkedal (Volda, Møre og Romsdal). Foto: Universitetsbiblioteket i Bergen

I år er det 750 år sidan Magnus Lagabøte si landslov tredde i kraft som lovbok i Noreg. Sidan den gong har fleire lover kome og gått, men arven etter Landslova er framleis til stades i mellom anna språket, lovene og lokalhistoria vår.  

I høve jubileet for Landslova i 2024 vil Aasentunet stille ut eit mellomalderdiplom frå Bjørkedalen, datert til 1367. Diplomet er eit utlån frå spesialsamlingane til Universitetsbiblioteket i Bergen. Denne unike gjenstanden var eit viktig rettsleg dokument i samtida, og er i dag ei uvurderleg historisk kjelde til å forstå ulike delar av mellomaldersamfunnet både lokalt og nasjonalt. 

Les meir om diplomet her:
https://marcus.uib.no/instance/charter/ubb-diplom-0045.html

Dette er første gang diplomet blir vist fram for publikum. Diplomet vil berre vere mogleg å sjå i Aasentunet i ein svært avgrensa periode, frå torsdag 14. november til søndag 17. november. 

I samband med utstillinga av dette diplomet vil me invitere til to arrangement:
• Utstillingsopning torsdag 14. november kl. 14.30-16.30
Landslov-kveld om arven etter denne lova søndag 17. november kl. 17.00-19.00
.
Arrangementa er for alle som er nysgjerrige på kva Landslova eigentleg var, og ikkje minst kva den har hatt å seie for samfunns- og språkutviklinga fram til i dag.
 

Begge arrangementa er gratis for alle. Kafeen i Aasentunet er open i samband med arrangementa og i museets vanlege opningstider. 

Utstillinga og arrangementa er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Universitetsbiblioteket i Bergen og Nynorsk kultursentrum i høve Landslovjubileet 2024.  

Utstillingsopning torsdag 14. november:
Landslova og diplomet frå Bjørkedalen, datert 1367
 
14:30-14:40 Velkomst 
14:40-15:00 Innleiing ved Alexandros Tsakos (Universitetsbiblioteket i Bergen) om utstillinga, mellomalderdiploma frå Bjørkedalen og Landslovjubileet 2024 
15:00-15:20 Siri Beate Gjerde (Nynorsk kultursentrum) fortel om samanhengen mellom diploma og Moritsgarden på Bjørkedalen 
15:20-16:00 Pause med vising av diplomet frå Bjørkedalen i utstillinga  
16:00-16:30 Førsteamanuensis Egil Arne Standal (Høgskulen i Volda): Landslova som reform – Mildare straffer, omsut for dei fattige og kvinnerettsreform 

Landslov-kveld søndag 17. november:
Arven etter Landslova 
 
17:00-17:10 Velkomst 
17:10-17:30 Innleiing ved Alexandros Tsakos (Universitetsbiblioteket i Bergen) om mellomalderdiploma frå Bjørkedalen og Landslovjubileet 2024 
17:30-17:50 Førsteamanuensis Ola Teige (Høgskulen i Volda): Verknadshistoria til Landslova  
17:50-18:20 Pause med vising av diplomet frå Bjørkedalen i utstillinga  
18:20-18:40 Førstelektor Marit Brekke (Høgskulen i Volda): Landslova i eit skriftkulturperspektiv 
18:40-19:00 Siri Beate Gjerde (Nynorsk kultursentrum): Korleis bidrog Ivar Aasen til omsetjinga av Landslova i 1858?
19:30: Aasentunet stengjer

Type:
Utstilling og føredrag

Tid:
14.-17. november

Stad:
Aasentunet