Debutantpraten: Samtale mellom Monica Goksøyr og Ellen Harrison. Samtaleleiar Inger Johanne Sæterbakk

8. juni, kl. 16.00, Salen, Aasentunet

Inger Johanne Sæterbakk samtalar med debutantane Monica Goksøyr og Ellen Harrison om forteljingane deira.

Monica har vakse opp på Runde på Sunnmøre og har røter i Thailand. Novellesamlinga Slemme jenter er hennar fyrste bok.

Ellen er frå Lofoten. Ho er utdanna ved Skrivekunstakademiet og studerer litteraturvitskap i Bergen. Diktboka Søv berre når du søv er hennar første, og er eit ømt og stilsikkert portrett av ein far.

Inger Johanne jobbar som språkkonsulent på Det Norske Teatret.  Hjartespreng er den tredje romanen hennar for barn og ungdom.

Type:
Festspela

Tid:
8. juni, kl. 16.00

Stad:
Salen, Aasentunet