Forteljarstund ved Eirik Risholm Velle

Det er ein elefant i barnehagen … og kanskje i Aasentunet?

24. mars, kl. 14.00, Salen,  Aasentunet

Søndag 24. mars kjem skodespelar Eirik Risholm Velle til Aasentunet og les for borna.  

Maren er i barnehagen og høyrer ein rar lyd, og det er ikkje ein vanleg barnehagelyd. Kan det verkeleg vere ein… elefant? Dei vaksne seier at det ikkje finst elefantar i barnehagen, men kva kan lyden elles vere? Maren er overtydd. No står det berre att å finne elefanten… 

Det er ein elefant i barnehagen av Bjørn T. Bøe er ei humoristisk og spanande bok om jakta på elefanten i barnehagen.  

Eirik sørger for god stemning, og kven veit: Kanskje er det ein elefant gøymd også i Aasentunet denne dagen?  

Det blir sal av bollar i kafeen, i tillegg til vanleg kafe- og kioskutval.
Aasentunet er ope kl. 12.00-16.00

Type:
Forteljarstund

Tid:
24. mars, kl. 14.00

Stad:
Salen, Aasentunet