Fagdag: Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

6. juni, kl. 11.30, Høgskulen i Volda

Jon Fosse tek i mot nobelprisen i litteratur frå Carl XVI Gustav av Sverige. Foto: Nanaka Adachi.

Å snakke om nynorsk litteratur i ein internasjonal samanheng er meir aktuelt enn nokon gong før, etter at Jon Fosse vart tildelt nobelprisen i litteratur i 2023. Korleis enda vi opp med at litteratur på mindretalsspråket nynorsk vinn internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Med desse spørsmåla ønskjer vi å få betre innsikt i samanhengen mellom omsetjing og statusen til det nynorske skriftspråket.

Fagdagen er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda i samband med Festspela 2024.

Program kl. 11.30-16.00: 

11.30     Registrering

11.45     Velkomst og velkomsttalar

12.00     Nynorsk litteratur i verda der ute
                Margit Walsø, direktør ved NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet

12.30     Lunsj

13.30     Jon Fosse sine omsetjingar av Ibsen til nynorsk
                John David Crosby, redaktør i tidsskriftet Mellom

14.15     «Ein målmann dristar seg ut» – Aasmund Olavsson Vinje i verda
                Guy Puzey, førsteamanuensis ved Universitetet i Edinburgh [deltek digitalt]

14.45     Kort pause

15.00     Pioneren Henrik Rytter som omsetjar av verdslitteratur til nynorsk
Sindre Hovdenakk, litteraturkritikar

15.30     Omsetjing av verdslitteratur i nynorsk skriftkultur
Marie Nedregotten Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda

16.00     Avslutning

Type:
Festspela

Tid:
6. juni, kl. 11.30

Stad:
Høgskulen i Volda