Festspelutstillinga

6. juni, kl. 16.30, Kunsthuset, Ørsta

Årets festspelkunstnar er Damien Ajavon, som under Festspela stiller ut tekstilkunst på Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga opnar torsdag 6. juni, og heng oppe til 29. juni.

Ajavon er ein afrikansk-europeisk tekstilkunstnar, fødd i Frankrike og med senegalske og togolesiske røter. Er i dag busett i Noreg.

Påverka av både afrikansk og vestleg kultur, står ønsket om å kombinere kulturar og skape noko nytt og vakkert sentralt i Ajavons arbeid. Verka speglar ei personleg utforsking av identitet og andre personlege tema, og ønsket om å dele inspirerande historier gjennom tekstilkunsten. Slik formidlar Ajavon både personlege og universelle forteljingar om identitet og kulturarv gjennom arbeida sine.

Ajavons kunstnarskap er sterkt influert av eit breitt mangfald. Djupt forankra i arven og påverknad frå både afrikansk og vestleg kultur, og frå det skeive samfunnet, brukar Ajavon arbeidet sitt som eit verktøy til å representere ulike kulturar og foreine generasjonar av afrikansk handverk. Det er også bygd på personlege og fleirkulturelle erfaringar.

Med bruk av ulike metodar som knyting, fletting og veving utforskar kunstnaren det å bearbeide og manipulere tekstilfibrar for hand. Samspelet mellom visuelle og taktile opplevingar er ein viktig del av den kreative prosessen for Ajavon, som gjennom arbeida sine utforskar og utfordrar oppfatningane av handverk og identitet.

Ajavon har master i tekstil frå Kunsthøgskolen i Oslo, og har hatt gruppe- og separatutstillingar og kunstnaropphald fleire stader i både Europa, Afrika og Nord-Amerika. Under Høstutstillingen i 2023 blei Ajavon tildelt Norske Kunstforeningers debutantpris for verket «PROTECTION OF RELICS (Black Craft Matter)». Ajavon er kjøpt inn av mellom anna Oslo kommune.

Kunstnaren vil vere til stades under opninga torsdag og fortelje om kunsten sin. Direktør Susanne Svenseid i Norske Kunstforeninger vil også vere til stades. Ho vil introdusere årets festspelkunstnar og fortelje om debutantprisen Ajavon blei tildelt i fjor. 

Type:
Festspela

Tid:
6. juni, kl. 16.30

Stad:
Kunsthuset, Ørsta