Festsprell: Barnebokbad med Maria Parr

8. juni, kl. 13.00, Salen, Aasentunet

Fjerdeklassingane Jakob, Sebastian og Georg har fordjupa seg i storsuksessen Oskar og eg. Laurdag 8. juni kan du vere med når gutane får stille eigne spørsmål om boka til forfattaren Maria Parr. I denne samtalen er det barna sine stemmer og perspektiv som kjem til uttrykk.  

Maria Parr har fått ei rekkje prisar for bøkene sine. For Oskar og eg henta ho heim den prestisjetunge Brageprisen for tredje gong. 

Barnebokbadet er inspirert av ein metode utvikla av Vilde Kamfjord. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret og Aasentunet, og passar for alle mellom 9 og 100 år.

Type:
Festspela

Tid:
8. juni, kl. 13.00

Stad:
Salen, Aasentunet