Forfattaren les: Lars Amund Vaage

8. juni, kl. 17.15, Utstillinga, Aasentunet

Lars Amund Vaage. Foto: Hans Jørgen Brun

Lars Amund Vaage les frå boka Mjølketid. I boka teiknar Vaage eit mangfaldig portrett av ei kvinne, ei tid og eit liv slik det sto fram for henne som har levd det. Mjølketid kom i 2023 og er ein frittståande oppfølgjar til Det uferdige huset, som vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. 

Lars Amund Vaage (fødd 1952) er frå Sunde i Kvinnherad og debuterte som forfattar i 1979. Sidan då har han skrive eit tjuetals bøker og han har skrive både romanar, lyrikk, skodespel og barnebøker.

Type:
Festspela

Tid:
8. juni, kl. 17.15

Stad:
Utstillinga, Aasentunet