Ivar Aasen-stemnet: Gabriel Fliflet band – I lys loge

9. juni, kl. 14.15, Utescena, Aasentunet

Gabriel Fliflet. Foto: Hans Jørgen Brun

Søndag 9. juni kjem musikk skriven og framført av Gabriel Fliflet band, no med nye tekstar av forfattaren Kjartan Fløgstad. Under Ivar Aasen-stemnet får vi oppleve I lys loge, som er tingingsverket til neste års Vossa Jazz. Fliflet har med seg eit stjernelag av musikarar. Bandet er sett saman av Gabriel Fliflet (trekkspel, piano og vokal), Susanne Lundeng (fele, vokal), Jørgen Sandvik (gitar, vokal), Per Jørgensen (trompet, vokal) og Anders Bitustøyl (bass, vokal). Konserten blir òg eit fint høve til å markere Kjartan Fløgstad sin 80-årsdag 7. juni.  

Fliflet skildrar sjølv konserten slik: 
“Til alle tider, i alle kulturar, har folk samla seg rundt bålet. Der har dei fortalt soger, laga mat, sunge songar, kviskra løyndomar og varma kroppane sine. Framleis lokkar bålet oss!  

I songsyklusen I lys loge vil eld og flamme, gneist og lys, vere den glødande ledetråden for dei fem syngande musikarane. Tekstane er både leikne og lyttande, og er nyskrivne av Kjartan Fløgstad, ein nestor blant norske forfattarar. Musikken er melodisk og vandrar i landskapet mellom jazz, folkemusikk og viser.”

Konsertstaden
I Aasentunet har me ei nydeleg Utescene. Heile området har plass til totalt 600 personar. Området er delt inn i to ulike billettsektorar, og ein må difor velje mellom to ulike område å kjøpe billettar til: 

  • AMFIET: Sitjeplass i det plassbygde amfiet rett framfor scena. Her er det plass til 300 personar. 

eller 

  • LYNGEN: Plass i graset og lyngen rundt det plassbygde amfiet. Her er det òg mogleg å setje seg ned, så ta gjerne med eige sitjeunderlag. Her er det plass til 300 personar. 

Me oppmodar publikum om å kjøpe billett tidleg, då billettane i fjor vart utselde i løpet av kort tid. 

Type:
Festspela

Tid:
9. juni, kl. 14.15

Stad:
Utescena, Aasentunet