Konsert: Den nynorske songskatten

24. mai, kl. 18.00, Salen, Aasentunet

den nynorske songskatten. konsert i aasentunet 24. mai, kl. 18.00

Når det no har blitt vår, har songelevane frå Ulstein kulturskule leita fram songar frå den nynorske songskatten, slik som «Blåmann, Blåmann», «Mellom bakkar og berg», «Å Vestland, Vestland» og «Dei gamle fjelli».

Det er gjerne om våren vi leitar fram slike songar, sidan me brukar dei på 17. mai, i konfirmasjonar og på konsertar med vårtema. 

Songane gjer noko med oss: Dei samlar og er ei felles arv. Ikkje alle ord er så lett å forstå med ein gong, nokre er gamle og artige, men det er spennande å lære. Både tonar og innhald er noko som rører oss, som når nokon syng «Den fyrste song» eller «Fager kveldsol smiler».

Over ein lang periode skreiv forfattar Terje Aarset artiklar om desse songane. Etter kvart samla han dei i boka Den nynorske songskatten (2009). Boka er på mange måtar ei oppslagsbok, der kvar artikkel skal kunne lesast for seg. I dette oppslagsverket har elevane plukka ut sine favorittar som dei vil synge på konsert.

Songelevane får tonefylgje av mellom andre Kari Aske Osnes på piano, Robert Løkketangen på gitar og Nadia Demirova på fiolin. Dei kjem til å framføre songane både med soloar og i grupper. Vi legg vekt på det enkle og klåre i uttrykket, og gler oss til å få opptre i det flotte bygget i Aasentunet. Konserten har fri inngang, salen har god plass, og alle er velkomne!

Type:
Konsert

Tid:
24. mai, kl. 18.00

Stad:
Salen, Aasentunet