Konsert: Kari Bremnes

8. juni, kl. 20.00, Utescena, Aasentunet

Kari Bremnes. Foto: Øyvind Toft

Bremnes har i løpet av 40 år etablert seg som ein av landets fremste artistar. Den prisvinnande tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og sterke tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvendt stemning.

Kari Bremnes gjestar Festspela for første gong som soloartist. Ho er ein stor formidlar av songtekstar, og det kjem til å bli ei mektig oppleving når ho stiller med fullt band på Utescena på laurdagskvelden, seier Tone Slenes, leiar for Aasentunet og Festspela.  

Bremnes er ein stødig ambassadør for ein heil landsdel og formidlar godt eigne tekstar med si eiga dialekt. I tillegg er ho ein viktig tolkar av andre kjende diktarar som både Olav H. Hauge og Leonard Cohen. Det er både sjølvsagt og stort for oss at ho kjem til Festspela, seier Slenes.

Konsertstaden
I Aasentunet har me ei nydeleg Utescene. Heile området har plass til totalt 600 personar. Området er delt inn i to ulike billettsektorar, og ein må difor velje mellom to ulike område å kjøpe billettar til: 

  • AMFIET: Sitjeplass i det plassbygde amfiet rett framfor scena. Her er det plass til 300 personar. 

eller 

  • LYNGEN: Plass i graset og lyngen rundt det plassbygde amfiet. Her er det òg mogleg å setje seg ned, så ta gjerne med eige sitjeunderlag. Her er det plass til 300 personar. 

Me oppmodar publikum om å kjøpe billett tidleg, då billettane i fjor vart utselde i løpet av kort tid. 

Type:
Festspela

Tid:
8. juni, kl. 20.00

Stad:
Utescena, Aasentunet