Målbar: Planet Ørsta i samtale med Egil Olsen og samtaleleiar Olav Øyehaug Opsvik

8. juni, kl. 23.00, Peisestova, Møre Folkehøgskule

Planet Ørsta er ein animasjonsserie på Youtube. I mars 2020  lanserte dei tre kameratane sin første episode, og sidan har 14 nye episodar kome til. Skaparane har valde å vere anonyme. Då NRK intervjua dei var det utan bilete og under namna Erikj, Tommjy og Svennj. På Målbar får me møte ein av skaparane og me får høyre meir om bygdekulturen i Planet Ørsta-universet.

Musikar Egil Olsen er utflytta Ørsting og har medverka i ein av episodane. Olsen er både Planet Ørsta-fan, filmnerd og har hatt eigne teikneseriestriper i Dagbladet.

Type:
Festspela

Tid:
8. juni, kl. 23.00

Stad:
Peisestova, Møre Folkehøgskule