Medietimen med Ingvild Bryn

7. juni, kl. 13.30, Salen, Aasentunet

Ingvild Bryn. Foto: Rune Foss Lillesvangstu / NRK

Bli nærare kjend med årets vinnar av nynorskprisen for journalistar! 

NRK-journalist Ingvild Bryn er eit velkjent ansikt frå Dagsrevyen, og no kjem ho til Aasentunet for å bli tildelt Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar. Vi får høyre meir om Bryn sitt forhold til nynorsk, språkarbeidet i Dagsrevyen og utfordringane ein møter på som nynorskbrukande journalist i NRK sitt flaggskip på TV. Det er juryleiar Solveig Barstad som står for den høgtidelege utdelinga.

Kvart år blir Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar delt ut til ein dyktig journalist som har utmerkt seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk.

Nynorskprisen for journalistar har vore delt ut sidan 2006, og blant tidlegare vinnarar finn vi Roger Sevrin Bruland, Linda Eide, Siri Kleiven Strøm og Arill Riise. 

Type:
Festspela

Tid:
7. juni, kl. 13.30

Stad:
Salen, Aasentunet