Minneføredraget

7. juni, kl. 12.00, Salen, Aasentunet

Bilete av Kristin Fridtun
Kristin Fridtun Foto: Lene Sørøy Neverdal

Ivar Aasen-minneføredraget: Den sure nynorskingen – myte eller fakta?

Kvart år presenterer Festspela Ivar Aasen-minneføredraget. Her kan publikum få nye tankar og perspektiv kring ulike spørsmål om tilhøva for nynorsk i dag. Forfattar Kristin Fridtun held årets føredrag og tek utgangspunkt i den vanlege «folkesjukdomen» det er å irritere seg over skrivefeil. Ho fortel om språklege maktforhold, figuren «den nynorske grinebitaren» og korleis irritasjon og sinne blir oppfatta i språkdebattar og ålmenta elles.

Fridtun har gitt ut boka Kunsten å irritera seg over skrivefeil – kvifor gjer me det, og har det noko for seg? (2021). Ho har lenge vore fasinert av irritasjonen som meir eller mindre feilaktig språkbruk kan utløyse. Ivar Aasen irriterte seg over folk som skreiv landsmål annleis enn slik han meinte det burde skrivast, men kan vi dermed kalle han ur-grinebitaren i målrørsla? Kven avgjer kva som er rett og feil? Vert nynorskbrukarar, og andre i ein mindretalssituasjon, oppfatta meir negativt når dei seier ifrå om urettferd?

Fridtun er forfattar og har mastergrad i norrøn filologi. Ho har gitt ut sju bøker sidan 2012 og skrive fast i Dag og Tid sidan 2009.

Type:
Festspela

Tid:
7. juni, kl. 12.00

Stad:
Salen, Aasentunet