Poesipub med Mari Kvien Brunvoll og forfattarar

7. juni, kl. 21.00, Stødt, Ørsta

Mari Kvien Brunvoll.

Mari Kvien Brunvoll er ein av Noregs mest spennande musikarar og vokalistar. Fødd i Molde, men er no busett i Bergen. Brunvoll har ein særeigen stil, noko ho har vist i samarbeid med mellom anna gitarist Stein Urheim, i bandet hennar Building Instrument og i eigne soloprosjekt. Ho har komponert musikk til fleire teaterstykke, og er årets Festivalmusikar under Sildajazz i Haugesund. 

På Stødt får me møte vokalisten i unike samspel med fleire av årets forfattarar på Festspela. 

Type:
Festspela

Tid:
7. juni, kl. 21.00

Stad:
Stødt, Ørsta