Blindsone

7. juni, kl. 10.00, Gymsalen, Møre folkehøgskule

Framsyninga tek utgangspunkt i Eit anna blikk av Erlend Skjetne, og fokuserer på representasjon, språk og definisjonsmakt. Mine Nilay Yalcin er manusforfattar og regissør.  

Vi møter Anwar og Walid, to mindreårige afghanske flyktningar på eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Vi blir kjende med gutane og deira syn på forteljinga om dei. Dei spør seg; kven har definisjonsmakta og fortel historiene? Kvar er blindsonene i samfunnet vårt?  

Skodespelarane, Jahanger Ali og Samir Madad, nyttar bakgrunnen sin frå Afghanistan og Noreg/Oslo aust i formidlinga av rollene.  

Jahanger er musikar og utdanna skodespelar frå Nordic Black Theatre, Nordic Black Xpress. Jahanger er hazara, men fødd i Noreg, og snakkar hazaragi i framsyninga.  

Samir er musikar, fotograf og skodespelar. Han har skrive og framført teatermonologen Korte år, lange dager, som baserer seg på hans flukt frå Afghanistan til Noreg. 

Framsyninga er produsert av Nynorsk kultursentrum i samarbeid med Nynorsksenteret, på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Type:
Festspela

Tid:
7. juni, kl. 10.00

Stad:
Gymsalen, Møre Folkehøgskule