Seminar: Språklæring for dei minste

26. april, kl. 09.45, Aasentunet

ei dame og ei jente som les ord på magnetar
Illustrasjonsbilde. Foto: André Hustoft Nesheim

Fredag 26. april er det gratis seminar i Aasentunet. Seminaret er meint som fagleg påfyll for tilsette i barnehagar og  studentar. Programmet byr på ei god blanding forsking, nyttig metodikk og konkrete tips som kan nyttast i eige virke.  

Seminaret er i Salen i Aasentunet med 100 sitjeplassar. Vi har løpande påmelding via eiga lenke.  

Vi serverer frukt, kaffi og te ved ankomst.  

Vi har også tilbod om lunsj, wrap kylling/vegetar til 139 kroner. Du registrerer lunsj i påmeldingsskjemaet.  

Kafeen i Aasentunet har sal av enkle kioskvarer og butikken har gode tilbod på  bøker og bokpakkar til målgruppa. 

Vi gler oss til å ønske dykk velkomne til ein inspirerande dag i tunet!

Program 09:45-14:00 Språklæring for dei minste 

09:45    Registrering 

10:00 Formidlar Ida Karin Aa. Kornberg ønsker velkomen
«Vil du vere med, så heng på»  
Barnehagen – grunnmur og springbrett for språklæring 
Nynorsksenteret ved Anne Marta V. Vadstein 

10.45 Song og musikk i barnehagen  
ved Hildegunn Hovde 

11:15 Lunsj, vandring i museet og butikken  

12:15 Ørsta Mållag ved Ingebjørg Røyrhus Øyehaug
Mållaget si satsing i barnehagane 

Lurivar-klubben og nynorsk i Ørsta-barnehagane
Dalane barnehage presenterer Lurivar-klubben. Lurivar-klubben syng deretter songar frå den lokale songskatten.    

12.45 Om språk- og tekstkvardagen i barnehagen:
Funn frå Multilit, ved Gudrun Kløve Juuhl.  

13.30  Nyare barnebøker på nynorsk
Nynorsksenteret presenterer nye biletbøker ved Heidi Fagna og Ingvild Myklebust Hovden 

14.00 Avslutning

 

Seminaret er gratis

to jenter les i ei bok
Illustrasjonsbilde. Foto: André Hustoft Nesheim

Type:
Seminar

Tid:
26. april, kl. 09.45

Stad:
Aasentunet