Adventskalender 2021

10. desember

eg var berre ei lita jenta

i halvsøvn, sittande på far mins fang, med hovudet inntil hjartet hans
og i lyset frå det pynta juletreet, haldt han handa mi
og fortalte om handa si
i hans fars hand
som leia eit lam med andre handa
inn blant dei snøtunge furugreinene 

og far min kjende nasehåra stivne
den varme anda mot handbaken
då han drog på seg votten med tenna
og far min sa:   som gå ned ein gang
forbi mørke døropningar

farfars ansikt i far mins ansikt   og far mins ansikt i ansiktet mitt
og lammet som slutar å breke

så:    den store, flate steinen
sjå der, seier farfar, og peiker bort
og då far snur seg tilbake mot han, har han allereie skåre strupen på lammet
og far min knip vottane mellom knea då han
hjelp til med å legge den varme kroppen på steinen
og blodet
på steinen  
rant utover

det var sånn dei gjorde det, sa far min
men eg gjekk over fjellet og fekk deg
der borte gjer dei nok slik framleis

far min må ha båret meg til sengs
det var natt då eg vakna

og det var stille i huset
og eg kneip auga att og venta på at nokon skulle vakne
eg så ned på kroppen min   så meg sjølv bli til hjorten
eg var ikkje jenta lenger
eg galopperte rundt i soverommet
reiv alt over ende
hjortens hjarteslag var framande   og eg var redd

eg stoppa under vindauget   månen skein inn på meg
slik sto eg lenge  
og lærte å ande på nytt

Martin Ingebrigtsen