Adventskalender 2021

20. desember

Bilete av Yasmin Syed

I samband med opninga av Vinjesenteret for dikting og journalistikk, har Nynorsk kultursentrum utfordra eit utval forfattarar og journalistar til å skrive ein tekst som utforskar forholdet mellom fakta og fantasi. I teksten nedanfor tek Yasmin Syed fatt på temaet. 

Fantasi og fakta

«Sjølvsagt skjer dette i hovudet ditt, Harry. Men kvifor i all verda skulle det bety at det ikkje er verkeleg?»

Dette sitatet er av den store trollmannen og mentoren; Albus Humlesnurr og me finn det på slutten av den mest populære bokserien i verda i sjangeren fantasy. Born skjelv av frykt, men likevel er dei heilt bergtekne av Harry Potter.

Fantasi kjem, som dei fleste ord, frå gresk og betyr å førestille seg. Det kan vera draumar, dagdraumar, visjonar og hallusinasjonar og ofte blir ord som realitetsfjern nytta når me omtaler folk som har i overkant god fantasi.

Born og fantasi har alltid høyrt saman og saman med nysgjerrigheit er dette viktige eigenskapar i utviklinga deira. Når me blir eldre så er ikkje fantasi like «viktig». Me tileignar oss kunnskap, lærer kva som er rett og gale og blir langt på veg opplært til å vera fornuftige og saklege. Me tek ikkje lenger noko for «god fisk», me brukar heller google for å vinne diskusjonar.

Likevel så trur og håpar eg at fantasien framleis ligg ein stad i oss, men at me må halde den ved like eller trene den som ein muskel.

Det er greitt for små born å leike med usynlege vener, men viss eg gjer det så er faren stor for at eg blir tvangsinnlagt. 

Vaksne kan godt ha fantasi, men dei skal helst ikkje bruke den for mykje i dagleglivet. Unntaket måtte vera viss du til dømes skreiv Harry Potter og enda opp som den rikaste kvinnelege forfattaren i verda. Viss ikkje J.K. Rowling hadde hatt slik suksess så er eg ganske sikker på at folk hadde rista på hovudet og tenkt at ho levde i ei drøymeverd med alle fantasifigurane sine.

Kvar skjer denne overgangen frå du er søt og fantasifull til du blir fjern frå røynda og uansvarleg? 

Det kan vera når hormona byrjar å herje den stakkar tenåringen som er utolmodig etter det verkelege livet. Det kan òg vera kvar i skulestadiet du er. Eg hugsar sjølv at overgangen frå vanleg folkeskule til gymnas som det heitte den gong, var stor. Då eg gjekk på folkeskulen så fekk eg faktisk lov å bruke fantasien min og skrive rare og spennande stilar. Då eg byrjar på vidaregåande så måtte eg vera sakleg, drøfte for og i mot og gjerne vise til fakta.

Oi sann, det var nesten så eg skulda skulesystemet for å ta ifrå oss fantasien vår – det var jo nesten ikkje meininga. Me blir uansett støypt inn i forma der me skal vera saklege,  etterrettelege og halde oss til kjente fakta.

Fantasien vår kan òg spele oss eit puss. 
Viss du er mørkredd og går aleine gjennom skogen på dagtid så vil det sikkert bli ein fin tur med vakker fuglekvitter. Du ser alt du går forbi og veit at her er ingen ting å frykte.   

På natta vil det vera skummelt. Du kan finne på å både sjå og høyre dyr og menneskje som ikkje er der, eller kanskje til og med møte eit troll?  

Dei gamle folkeeventyra våre er fulle av tussar og troll. Var dette berre folk som hadde altfor god fantasi eller finnast det faktisk tussar og troll? Utrykk som nissen på lasset, småfolk og vetter er jo så mykje snakka om, at kvifor skulle det ikkje vera sant? Me har til og med vist verda at dette er eit land med troll og vetter, under opningsseremonien av Lillehammer- OL i 1994.

I tillegg så fortel verdas mest selde bok oss at englar finnes. Eg snakkar sjølvsagt om Bibelen. 
Kva som er fakta og fantasi i desse to døma kan sikkert diskuterast så lenge verda står, men det som er sikkert er at det finnes folk som ser og opplever både englar, vetter og småfolk. Dette er heilt reelt for dei.

Det motsette av fantasiens kallar me gjerne fakta. «Det er fakta!», er eit omgrep som blir bruka for å understreke at det som blir sagt, er sant.

Me har tileigna oss mykje fakta og kunnskap om verda, verdsrommet, naturlovar, radiobylgjer, kroppen, celler, atomar, nanoteknologi, med meir. Denne faktakunnskapen har kome frå menneskje si søken etter svara på det gåtefulle livet vårt. Kven er me? Kvar kjem me frå? Finnast Gud? Kor lenge har jorda eksistert? Er jorda forresten flat? Og snurrar sola rundt oss? Desse spørsmåla og mange fleire har ført til at me forskar for å finne svar, som seinare har vorte til fakta.

Det fine er at forsking har ført til at verda utvikla seg – og dermed utvikla me oss òg. 

I dag kan me reise til verdsrommet, dykke ned i dei djupaste hav. Me kan kommunisere med lyd og bilete over enorme avstandar, ja me kan til og med redde liv over enorme avstandar. Me veit korleis jorda har sett ut dei siste 50 000 åra og kan føresjå korleis den kjem til å sjå ut om 50 år.

Menneskje har fått eit mykje betre liv takk vera all faktakunnskapen me har. Praktiske huslege ting har me maskiner til å ta seg av. I staden for å bruke fem døgn i båt til New York kan me no setje oss på eit fly som tek 8 timar. Verda har vorte mindre, verdsrommet nærare og havet ikkje like djupt.

Trass i alle desse fantastiske fakta så er det viktig å hugse på at me ikkje veit alt.  

Vår industrielle revolusjon har endra verda til det betre på mange måtar. Ulempa er at denne industrielle revolusjonen òg har forureina meir enn me kunne føresjå. No må me bruke faktakunnskapen vår for å finne ut korleis me kan redde planeten vår frå den visse undergang.  

Eit anna døme er den portugisisk nevrologen som på 40-talet fann ein metode for å kurere psykiske lidingar, tvangsnevrosar og store smerter.  I 1949 vart han tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin for denne metoden. I dag kjenner me metoden som lobotomi og treng inga høgare medisinsk utdanning for å vite at det var ein dårleg idé. Dette er eit døme på at dersom vitskapen berre er faktabasert så kan det gå gale. Me veit ikkje nødvendigvis best berre fordi me baserer vitskapen på fakta. Fakta er ikkje feilfritt.

I vår søken etter svar så treng me ein viss respekt og audmjukheit for våre omgjevnadar og me treng å ikkje stille oss over andre menneskje og artar. Her kan fantasien vår vera til hjelp ved å sjå på omgjevnadane våre som oss sjølv, litt som når me gjev dyr menneskelege eigenskapar.

Det kan virke som om me delar oss i to leirar. Dei som held seg til tørre fakta og dei som held ein knapp på ein fantasifull kvardag og kan både sjå englar og småfolk. Den gruppa som meiner at folk med god fantasi er urealistiske og den gruppa som meiner at faktabaserte avgjersler er altfor realistiske og farlege.

Personleg så meiner eg at det ikkje lenger er nødvendig å setje fantasi og fakta opp mot kvarandre, men heller sjå på dei som ein heilheit. Hadde det ikkje vore for ein draum, ein fantasi, så hadde ikkje menneskje fått til alt dei har skapt. Hadde me ikkje vore late og drøymt om å koma raskare fram så hadde me ikkje hatt bil, tog eller fly. Me hadde ikkje hatt vaskemaskiner, støvsugarar, oppvaskmaskiner for ikkje å snakke om det du har rett framfor deg no; ein pc eller mobil. Fantasien er idéen og fakta er verktøyet me brukar for å gjennomføre den.

Eg må likevel innrømme at eg held ein knapp på at fantasien vår bør krediterast meir enn det den blir i dag. Fantasien har nemleg ingen grenser, det har fakta. 

Menneske har til alle tider drøymt om å fly som fuglen, og med gode fakta så vart det til slutt ein realitet. Så langt som me har kome i vår utvikling så er det ikkje lenger noko som er urealistisk. Me har tross alt landa på månen! Då kan me sikkert òg klare å redde jorda. 

Hadde det ikkje vore for den flotte fantasien vår så hadde me aldri hatt så mange fakta.  

I fylgje Språkrådet så er opphavet til «fakta» frå latin, facere som betyr «å gjera». Så viss fantasien kan drøyme det så er fakta verktøyet for å gjennomføre draumen. Eller som det kjente ordtaket går; «Om du kan drøyme det, så kan du gjera det».

Så for å koma attende til Albus Humlesnurr så skjer det meste i hovudet vårt, men det gjer det ikkje mindre verkeleg.