Aktuelt

Bilete av programansvarleg Heidi Lund Berg, arenaleiar Jorid Lekve Eide og formidlar Anja Haugland Svingen ved Haugesenteret

Haugesenteret feirar 10 år

I 2024 feirar Haugesenteret at det er 10 år sidan museumsdørene opna i det gamle heradshuset i Ulvik. Laurdag 24. august blir det festmarkering i Olav H. Hauge si heimbygd, med framsyningar for både born og vaksne.

Les meir

​​17. mai-tale 2024​

Direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik, heldt 17. mai-talen i Volda i 2024. Talen i sin heilskap er publisert her. Gratulerer med dagen!

Les meir
Bilete av Fredrik Hope og Stine Stennes Hovdenakk

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Korleis enda litteratur på mindretalsspråket nynorsk opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje finn svaret på, når Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda og Nynorsk kultursentrum inviterer til open fagdag på høgskulen 6. juni.

Les meir
ævestaden, cecilie løveid, ingrid nielsen, erlend o nødtvedt og benedicte maurseth

Nytt programdrypp til Poesifestivalen 2024!

Det vert mykje godt å gle seg til på årets Poesifestival i Ulvik. Her kjem fire nye godbitar ein kan kjøpa billett til allereie no! Festivalpassa er utselde, men alle arrangement har einskildbillettar, så fortvil ikkje.

Les meir
Bilete av Irene Hareide som er tilsett som forskings- og samlingsleiar for Nynorsk kultursentrum.

Ny avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum

Irene Hareide er tilsett som forskings- og samlingsleiar for Nynorsk kultursentrum. Hareide tek til i Nynorsk kultursentrum i juni og kjem frå ei stilling som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Les meir
Bilete av Monica Goksøyr, Kari Bremnes og Jørgen Nordeng

Gled deg til Festpela 6.–9. juni

I år kan du møte kjende namn som Knut Ødegård, Runar Gudnason, Monika Goksøyr, Jørgen Nordeng og Maria Parr. Opplev konsertar i uteamfiet i Aasentunet med Kari Bremnes, Odin og Gabriel Fliflet.

Les meir
Bilete av skrivebordet til Hauge på Rossvoll

Vinnarar av diktkonkurransen

Haugesenteret har motteke mange fine dikt frå barn og ungdomar i Hardanger, Rogaland og Agder i høve diktkonkurransen knytt til Verdas Poesidag. Tusen takk til alle som har sendt oss dikt!

Les meir
Bilete av barnehagebarn som ser på barnekunstutstillinga. eit årleg prosjekt til Nynorsk kultursentrum.

Meir tilgjengelege enn nokon gong

– I eit krevjande år for dei tilsette i Nynorsk kultursentrum er det fantastisk å sjå korleis arbeidet vårt når gjester, brukarar og samarbeidspartnarar i heile Noreg, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.

Les meir