Aktuelt

Sigmund Løvåsen er årets festspeldiktar

Festspela blir gjennomført 10.–13. juni 2021 med festspeldiktar Sigmund Løvåsen. Nynorsk kultursentrum og Aasentunet legg planar innanfor gjeldande rammer og omsyn til smittevern, og lovar ei trygg oppleving.

Les meir

Overskot for Nynorsk kultursentrum i 2020

Nynorsk kultursentrum gjekk med overskot, trass i stor nedgang i kommersielle inntekter i 2020. – Nynorsk kultursentrum har klart å skape tilbod som fremjar nynorsk skriftkultur lokalt, nasjonalt og digitalt innanfor vanskelege rammer i heile 2020, seier styreleiar Lodve Solholm.

Les meir
Bilete av forfattar Ruth Lillegraven.

Forfattarmøte med Ruth Lillegraven

Gjennom prosjektet «Litteraturhus i Møre og Romsdal» vil Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gi folk i heile fylket gode litteraturopplevingar. Den første turneen startar 2. mars – då skal forfattar Ruth Lillegraven besøkje Volda, Fjord og Stranda kommune.

Les meir
Bilete av direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark

Stortinget ser nynorskbrukarane, men endrar ikkje det viktigaste

I dag la familie- og kulturkomiteen på Stortinget fram innstilling til språklova. – Stortinget ser godt kva nynorskbrukarane treng, men fleirtalet lét vere å gjere avgjerande lovendringar som hadde styrkt nynorsken, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Les meir
Skisse av det nye resepsjonsområdet i Aasentunet av Hille Strandskogen Arkitekter

Byggjer om resepsjonen

Aasentunet byggjer om resepsjonsområdet i perioden 19. februar til 15. mars. I samarbeid med Hille Strandskogen Arkitekter er det lagt planar for ei opnare løysing.

Les meir
Bilete av direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark

På leit etter nynorske pilotbibliotek

Nynorsk kultursentrum lanserer satsinga nynorske pilotbibliotek for å gjere nynorsk synlegare sør og aust i Noreg. – Vi vil samarbeide med biblioteka om å formidle nynorsk kultur og litteratur, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Les meir
Bilete frå framsyninga av Les for livet: fluktrute

Den kulturelle skulesekken – Les for livet: fluktrute

I januar–mars er alle 5.–7. klassene i Volda og Ørsta inviterte til Aasentunet og eit nytt tilbod i Den kulturelle skulesekken frå Nynorsk kultursentrum. 20 engasjerte elevar frå 7. klasse ved Bratteberg skule i Volda fekk vere med på premieren 18. januar.

Les meir