Aktuelt

Bilete av Nynorskstafettbilen.

Nynorsk kultursentrum legg ut på Nynorskstafetten!

Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet kring tre veker kvar haust for å samle og spreie kunnskap om nynorsk. I år er Nynorsk kultursentrum med som samarbeidspartnar, og tek med seg eit rikt kulturprogram ut på Nynorskstafetten. Årets stafett går mellom 28. oktober til 15. november i Nordhordland, Sunnhordland, Indre Agder og på Haugalandet.

Les meir
frå venstre Anders Totland, Arill Riise og Halvor Folgerø

Litteraturhus i Møre og Romsdal med nye spennande turnear

I haust får publikum møte kjende namn som Arill Riise, Anders Totland og Halvor Folgerø gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Over 30 arrangement for publikum i alle aldrar blir arrangerte ved bibliotek, barnehagar og skular på Sunnmøre. Alle arrangement er gratis.

Les meir

Vellukka Litteraturdagar

Mange fekk med seg eit variert og innhaldsrikt program under Litteraturdagane. – Som ny kunne eg ikkje unngå å legge merke til den unike festivalstemninga. Vi har fått gode tilbakemeldingar på innhaldet, og utøvarane er også svært nøgde, seier arenaleiar Yngve Knausgård.

Les meir
Marit Eikemo

Forfattarsamtale med Marit Eikemo

Denne fredagen i haustferien kjem forfattaren Marit Eikemo til Ulvik. Ho vil lesa utdrag frå boka og samtala med Jorid Lekve Eide, arenaleiar ved Haugesenteret. Yppal er triveleg vertskap denne kvelden, så ta turen til Haugesenteret-kaien for lesk og litteratur. Velkomen!

Les meir

Fulle hus og lyrisk jubel i Ulvik

Eit begeistra og lyttande publikum fekk med seg eit innhaldsrikt program under Poesifestivalen 2024. – Med mange utselde arrangement og publikumsrekord i Elvatun laurdagen, må me seia oss svært nøgde med årets festival, seier arenaleiar ved Haugesenteret Jorid Lekve Eide.

Les meir
Poet Martin Ingebrigtsen. Foto: Nynorsk kultursentrum

Olav H. Hauge-stipendet 2024 til Martin Ingebrigtsen​

Poet Martin Ingebrigtsen blei tildelt Hauge-stipendet under opninga av Poesifestivalen i Ulvik fredag 13. september for den lyriske forfattarskapen sin. – I grunngjevinga har juryen lagt vekt på det leikne og utprøvande i poesien hans, sa juryleiar Pedro Carmona-Alvarez under utdelinga.

Les meir
bilete av Vilde Tuv og Anna Kleiva som framfører verket Solplomme i Romedalen i Ørsta

Solplomme til Telemark

Forfattar Anne Kleiva og musikar Vilde Tuv legg ut på ein miniturné i Telemark med verket «Solplomme». Fredag 20. september kan du oppleve dei på Lifjell, laurdag 21. september på Telemark kunstmuseum i Notodden og sundag 22. september på Smørklepp kunstmuseum i Vinje.

Les meir