Debutantane les: Monica Goksøyr og Ellen Harrison
8. juni, kl. 14.00, Utstillinga, Aasentunet
les frå debutboka si Slemme jenter, ei novellesamling med jenter i hovudrolla. Jenter som vil vekk frå kvardagen og jaktar etter spenning og grenseoverskridingar. Jenter som kjenner på einsemd og utanforskap, og som har mødrer frå Asia og fedrar på sjøen. Jenter som leitar etter meining, men finn ho på feil plass, som er skada og som skadar.
Ellen Harrison les frå debutdiktboka si Søv berre når du søv. Dikta fortel om ei dotter som sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg, då mora, storesystera, ho og han var ein familie.