Festsprell: Familiekonsert Kråkebollane
8. juni, kl. 12.00, Utescena, Aasentunet
Kom og opplev familiekonserten Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar med bandet Kråkebollane, laurdag 8. juni kl. 12.00 i Aasentunet.
Bandet består av Lena Skjerdal (vokal), Knut Lothe (perkusjon) og Erik Håkon Halvorsen (keyboard). Det vert musikk basert på tekstar frå den illustrerte diktboka Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar, av Lisbeth Dreyer. Boka er illustrert av Per Ragnar Møkleby.
Dikta i Dreyer si bok er alle på rim, og fortel om det faktiske livet i fjorden og i fjøresteinane. Dei fargerike tekstane og illustrasjonane har inspirert musikarane til musikalsk fabulering, med improvisasjon og leik som gjennomgåande element. Resultatet er låtar med rytme og groove , og svevande lyriske stykke – alt frå slentrande blues til stram tango og sullande voggesong.